Rett ting til rett tid: gartnaren tilrår

No bør du snu deg i tudn og tenke på å få unna beskjering av buskar og tre i hagen din. No er det rett tid for å beskjere epletre, pæretre og plommetre.

Du kan også beskjere morell og kirsebærtrea dine, men det idelle for disse steinfruktene er å beskjære dei på seinhausten etter lauvfall. Bærbuskar og prydbuskar som ikkje blømer om våren skal også beskjerast no. Ein grov og samanfiltra potentillahekk eller brudespireaen med ei mengd av tørre greiner, har bare godt av å bli skore kraftig tilbake, ja så drastisk som 10 cm over rota. Hekken vil komme med mange nye og friske skot utover forsommaren. Den gamle potentillaen dvs. buskmuren, vil ganske sikkert bløme på ettersommaren, tidleg haust. Brudespireaen vil komme med eit hav av nye blomar andre året og i tida framover etter ei slik kraftig fornyelsesbeskjering.  Når det gjeld frukktrea er hovudregelen å fjerne gamle, skadde og tørre greiner. Greiner som veks inn i treet, eller  gnissar på andre greiner, dei bør også fjernast. Husk å legg snittet inntil grein, stamme eller knopp. Vi gartnarar likar ikkje å sjå tørre stubbar etter vilkårlige snitt som ikkje ligg inntil skot eller grein. Eit rett og fagmessig beskåre frukttre ser ikkje ut som ein stumtenar til å henge hatt og klede på!

 

Rett ting til rett tid: gartnaren tilrår