Veke 11. : Legevendelrot, Valeriana officinalis

Denne veka har eg gleden av å presentere ei gamal kulturplante av stor tyngde og betydning i folkemedisinen. Den er ei av dei eldste medisinplantane vi kjenner til og har vert kjent for sine helbredane verknader verda over. Planta høyrer naturleg heime i Vest-Asia/Euroasiatiske steppelandet. Legevendelrot trives på grasmarker og fuktige grøftekantar. Legevendelrota kan forvekslast med vendelrot, men skilnaden er at legevendelrot har 5-10 par småblad og endesmåblada er ikkje større enn småblada. Vendelrot har bare 3-5 par småblad og mykje større endesmåblad. Hjå oss er legevendelrot heler skjeldan å finne i vill tilstand. Navnet Valeriana skal vere ei avledning frå det latinske valer, som tyder å ha god helse. Det er knytt ein del magi og øvetru kring denne planta. Det blir sagt at den kan fremje fruktbarheit og sist men ikkje minst: Være eit velkjent, naturleg botemiddel mod ymse søvnplager.
Planta innheheld eteriske oljer, garvestoff alkaloid med meir. Den verkar beroligande ved nervøseplager og søvnvanskar, krampeløysande, senkar blodtrykker, styrker hjarta og driv ut luft. Ved søvnvanskar kan legevendelrot nyttast på følgande vis: 1 spiseskjei tørka legevendelrot trekkes ut i kald vatn i 12-14 timar. Drikk dette før leggetid. Kan med fordel blandast med sitronmelisse, humle og lavendel som har tilsvarande effekt.

PLANTEVERN

Legevendelrot stimulerer veskta i grønsakhagen fordi den tilfører fosfor og stimulerer aktiviteten til meitearken! Plantedelar av legevendelrot er av den grunn verdfult materiale i ein god og næringsrik hagekompost! Legevendelrot kan saman med valurt, med rette kallast ein skikkelig kompost- boostar!

ÅTVARING!
Då denne planteinformasjonen er tufta på botaniske og kulturhistoriske kjelder, så tek Valen gartneri ikkje ansvar for medisinske verknader og biverknadar grunna bruk av dei omtala plantene. Rådfør dykk heller med lege!

Valeriana officinalis, legevendelrot
Veke 11. : Legevendelrot, Valeriana officinalis