GRAVSTELL

SYT DU MED Å TA GRAVSTELLET?

Mange pårørande kjem i den situasjon at helsa sviktar eller at turen dit familiemedlemmer ligg gravlagde, vert i drygaste laget.

I staden for å uroa seg over kvenn som skal ta oppgåva med gravstellet, kan det heller være ei løysning å kontakte Valen gartneri og vedlikehald.

Vi kan tilby gravstell i kommunane Kvinnherad, Tysnes, Odda, Ullensvang, Jondal, Stord, Etne og Vindafjord. Vi syt for at grava ser presentable ut med blømande vårblomar eller lyng, haldbare sommarblomar eigna for vått vestlandsvær, påfølgande Callunalyng/haustlyng og ein mosekrans eller kristtornhjarta til advent og jul.

Dette tilbodet fungerer som eit årsabonnement der prisen for full pakke er kr. 1200- p år.

Har du to eller fleire graver,  er prisen kr. 1000- p år. p grav

Ta gjerne kontakt på mail eller telefon for meir informasjon eller tinging av gravstell.

Vi kan også påta oss å reingjere gravmonument om det er ynskjeleg.

GRAVSTELL