Kvann, ei av Norges eldste eksportvarer.

Vanlig fjellkvann, Angelica archangelica er ei velbrukt, allsidig og matnyttig plante, sjølv om den høyrer til skjermplantefamilien, der den smakfulle planta med englenavnet har nokre slektningar med svært så tvilsam historie. Fjellkvann har grønkvite skjermforma blomar med søtleg lukt. Den blømer i juni-august 2-4 året. Kvann veks vill i heile Norge, men føretrekker djup, fuktig og moldrik jord. Bruk gjerne kvann som solitær`bakgrunnsplante i hagen. Den trives godt saman med ulike myntar, til dømes ekte peppermynte.

Innhausting:

Haust blad som skal brukast friske frå våren og utover. Dersom blada skal turkast, kan ein hausta frå vår/sommar og fram til bløming. Blomane kan takast tidleg på hausten og nyttast til dekormateriale, men skal ein nytte frøa, så må dei være modne ved hausting. For kandisering kuttar ein stenglane tidleg på våren og kvannrøtter kan gravast opp om hausten for vidare turking.

Formeiring:

Frøa er spiredyktige i kun tre månader etter modning. Så best resultat blir det av naturmetoden der ein sår samme hausten som frøa er hauste. Når kvannen blømer ette 2-4 år, så døyr morplanta og den vil då sjølvså seg.

Historikk og bruk:

Kvann er den eldste kjente kjøkenurten i Norden, og er saman med kvitlauk og lauk våre eldste hageplanter. Det latinske navnet Angelica  tyder engelen og archangelica tyder erkeengelen. Kvann vert rekna som ei heilag plante grunna sagnet om ein munk som fekk beskjed frå sjølvaste erke-engelen om at planta kunne kurere pest. Den var alt nevnt i den kjente urteboka til danske Henrik-Harpestreng på 1200-talet. Og i middelalderen vart kvannrot brukt som vern mot smitte, særleg mot pest.

Ellers vart kvann mykje nytta som smak og luktmiddel i brennevin og parfymeproduksjon. Forfedra våre hausta og åt unge kvannstilkar om våren, mest på samme vis som vi i dag et stangselleri. Spesielt blomestilken skulle være fruktbarheitsfremjande. Det vart eksportert kvann i stor stil ut frå Norge i middelalderen, med den konsekvens at planta somme stader i landet vart tilnærma utrydda. Med andre ord har kvannen med sin fortreffelige smak og allsidige bruksområde slått stort igjennom som norsk eksportvare, og det alt før boktrykkarkunsten nådde steinrøysa her nord.

Bruk som mat:

Kvann er ei god og næringsrik grønnsakplante. Stilken er rik på C-vitamin og kan nyttast på samme vis som stangselleri. Hakka blad kan bli ei smakfull oppleving saman med mynte og majones. Kvannfrø er eit mykje nytta brennevinskrydder.

Medisinsk bruk:

Kvann inneheld ei eterisk olje som er desinfiserande og virkar hemmande på betennelse og sopp. Garvesyreinnhaldet og innhaldet av bitterstoff gjer at den virkar stimulerande på mage og tarmsystemet, blodomløpet. Den er krampeløysande og vassdrivande. God mot luft i magen, kolikk, nervøst hovudverk, forkjøling, hoste med meir. Utvortes har kvann effekt på ymse revmatiske plager. Knuste blad i bilen gjev ei frisk duft og den skal hjelpe mot bilsjuke.

Bruk i hagen:

Kvann er ei staseleg plante som fortener ein plass i staudehagen. Brukt som solitærplante eller som høgreist bakgrunnsplante med lågare planter i framkant. Dei lange stilkane til kvannen tek seg bra ut i ein vase. Valen gartneri har kvann under produksjon og formering. Ikkje planter for salg denne sesongen.

 

 

 

 

 

 

Kvann, ei av Norges eldste eksportvarer.