Veke 15 Syriner.

Kva er vel ein sein junikveld i ein typisk vestlandshage med solnedgang i vest, ein mild bris inn frå fjorden og den intense angen av blømande syriner? Den opprinnelige arten Syringa vulgaris, har lagt grunnlaget for omfattande vidareforedling og produksjon av poda og foredla sortar. Det vi i dag kallar podesyrin eller edelsyrin, er sortar utvikla i Europa heilt attende til 1800-tallet. Dei har både sterkare duft, samt større og rikare bløming enn dei opprinnelige sortane.

Det herskar breid semje om at syrinbusken, den frie syrinhekken og bruken av den i historisk samanheng, gjer denne prydbusken til dronninga over alle dronningar når det kjem til prydbuskar som er meir enn typiske i vestnorske gardstun. I eldre tider var det gjerne gjestgiveriet, tingstova eller kapteinsgarden som kunne påspandere seg nokre eksemplarer av arten Syrin, då gjerne importert frå kontinentet. Syringa vulgaris Ludvig Spaat, med sine mørke, blålilla blomar, gjev ein markant fargekontrast opp mot dei  kvitmåla vestlandske bygningane.

Andre velkjente sortar er Syringa vulgaris `Charles Joly` som har fylte, mørkt purpurraude blomar, mens Syringa vulgaris Mme Lemoine har store, fylte kvite blomar. Syringa vulgaris `Sensation`er ein nyare sort med enkle, raude blomar med kvit rand.

Vel ein å planta edelsyriner som er poda, er det viktig at ein passar på å fjerne rotskota. Riv dei av, då tek det lengre tid før nye kjem opp. Ein må heller ikkje bli utolmodig om det går ein del år frå planting av innkjøpt syrinbusk til at busken blømer. Det kan fort gå 3-5 år før den kjem med blomar. Generelt sett er syriner ein prydbusk/tre som kjem i sin fulle glans på sine eldre dagar. Så sant rota er frisk og sunn. Dei rotekte syrinene set pris på at det vert tynna blant rotskota. Skjær vekk turre greiner og greiner som gnissar mot andre greiner. Utover det krev dei lite. Tilfør gjerne kompost/kukompost som gjødsel til unge planter.

Om folk har interesse for syriner av diverse sortar, så vil dette være ei interessant produktnisje for Valen gartneri. Vi tek sikte på å ha nokre sortar i sortimentet no framover.

Syriner i blom
Veke 15 Syriner.