VALEN GARTNERI PLANLEGG SESONGEN 2018.

Valen gartneri planlegg i desse dagar produksjonen for 2018- Gartneriet ynskjer med det nye og gamle kundar velkomne med personlege planteynskjer og tips til kva vi kan prøve på den kommande vekstsesongen. Har du idear og tips til kva planter vi kan dyrka, til dømes sommarblomar, stauder, krydderurter og grønsaker, så kom gjerne med tips! Valen gartneri vil strekke seg langt med å etterkomme tips og idear, men plassen i gartneriet set sine klare grenser. Det beste plantetipset og den som treffer best med tanke på kva produkt folk vil ha, vil våren 2019 bli premiert med fritt valg av planter for kr. 1000-

 

Gode tips og idear til kva vi bør prøve å dyrka, kan sendast på valengart@hotmail.no

VALEN GARTNERI PLANLEGG SESONGEN 2018.