Vareutval: Roser

Me tilbyr ei rekke roser av ulike slag, slik at du er garantert å finne ei som passar perfekt for deg. Her er ei liste over rosene me tilbyr for sal sesongen 2017.

Lurer på kva H4, H5 og H6 betyr? Det fortel deg kòr i landet dei ulike rosene kan plantast. Les meir her!

 

Klaseroser:

Allotria (H6) pris kr. 125-


Middels store fylte blomster. 60 cm høg.
Denne velprøvde klaserosa er eit godt valg for dei som er uerfarne med roser.

Amber Queen (H4-5)     kr. 125-


Dette er ei kobbergul klaserose på 60 cm.
Tydelig og rein i fargen, lang blømingstid.

Berleburg (H5) kr. 125-


Middels store og fylte rosa blomar. Høgde 80 cm.
Ei av dei sikraste klaseroser i fuktig vestlandsvær. Den remonterer bra, sjølv i regnfulle somrar!

Eskimo Flower Circus (H5)   kr. 125-


Dette er ei kvit klaserose med middels store og fylte blomar. Blømer jamt og trutt heile sesongen. Høgd 60 cm.

Klaserose Fredensburg (H5)         kr. 125- 


Dette er ei rose med stor, tettfylte orangerosa blomar Blømer heile sesongen. Høgd 60 cm

Klaserose Lilli Marlene (H5)   kr. 125-


Djup purpuraud rose med middels store, halvfylte blomar. Høgd 60 cm

Klaserose Nina Weibull (H5-6) kr. 125-


Dette er ei velprøvd raud klaserose som er 60cm høg. Middels store, fylte blomar. Denne rosa har ei standhaftig bløming sjølv i våte vestlandssomrar. Nina Weibull er eit sikkert valg for dei som skal plante roser i hagen for første gang.

Patricia Flower Circus (H5)    kr. 125-


Dette er ei kvit rose med rosa kantar. Middels store fylte blomar, tett i veksten. Høgd 60 cm.

Tiamo Flower Circus (H5)    kr. 125- 


Dette er ei raud klaserose med middels store fylte blomar. Tett i veksten og høgd 60 cm.
Remonterer bra.

Krukkerose/klaserose Mandarin (H5)    kr. 125- 


Dette er ei velprøvd og remonterande dvergrose/krukkerose som blir 50 cm høg. Fin og kompakt vekst gjer denne rosa veleigna i både krukker og små bed. Plant den gjerne tett i eit rosebed. Rosa/orange/gule blomar. Remonterer, men klipp gjerne vekk visne blomar, da det trigger remonteringa.

 

Stilkroser:

Stilkrose Ingrid Bergman (H4-5)      kr. 150- 


Denne nydelige mørkeraude stilkrosa er berre eit must i kvart eit rosebed med preg av stil og rennesanse. Den har store, tettfylte blomar og er 70 cm høg. Den har vist seg lovande i vått vestlandsklima.

Stilkrose Karen Blixen (H4) kr. 150- 


Denne fagre, kvite stilkrosa bør ein ikkje gå glipp av! Den har store fylte blomar og høgda er 80 cm. Ei av dei bedre kvite stilkroser!

Stilkrose Peace (H5)   kr. 150- 


Denne velkjente stilkrosa har gul/orange farge og blomane er store og tettfylte. Kan bikke under av tyngdekrafta etter kraftig regnvær. Bør da støttast opp. Høgd 80 cm.

Stilkrose Queen Elizabeth (H5-6) kr. 150-


Denne stilkrosa har svært stor, fylte rosa blomar. Den kan være svak for langvarig regn, men bør likevel få sin velfortjente plass i rosebedet. Høgd 100 cm.

 

Stilkrose Tivoli.   kr. 150-

Denne lyse gule stilkrosa er 40-60 cm høg, remonterer bra og har svak duft. Denne rosa er mykje brukt i Danmark.

Buskrose:

Remonterende buskrose Dornrøschen (H6) kr. 125-


Denne kraftige og hardføre buskrosa har rosa blomar og remonterer bra heile sesongen. Kan være noko utsatt for soppangrep. Høgd 100 cm.

Remonterende buskrose Hansaland (H6) kr. 125- 


Denne kraftige buskrosa har store, halvfylte blomar og remonterer godt heile sesongen til endes. Høgd 150 cm. Ein sikker vinnar av ei lite kravfull buskrose som dei fleste vil lukkast med!

 

Klatrerose:

Klatrerose Coral Dawn (H4-5)     kr. 150-


Dette er ei velprøvd klatrerose med store, fylte rosa blomar. Remonterande bløming. Blir over 2 meter høg oppetter espalie på vegg.

Klatrerose Golden Showers (H6)  kr. 150-


Denne gule klatrerosa har store, fylte blomar og blir fort 2 m høg på eit espalie. Remonterer bra.

Klatrerose Heidelberg (H5) kr. 150-


Denne klatrerosa har store, fylte karminraude blomar. Den remonterer bra og toler godt vestlandsværet. Den blir fort 2 m høg om den får klatre fritt på espalie/pergola.
Ei duftande klatrerose med sjokkrosa blomar som er ny på den norske marknaden. Den blømer på årets skot og vil med det gje rosedyrkaren eit hav av blomar alt første planteår. Høgd 200 cm.

Klatrerose «Our Last Summer» (H5-6) kr. 150


Our last summer er ei nokså ny klatrerose. Den blømer med fargesterke rosa blomar heile sesongen til endes, er kraftig i veksten og har ei deilig duft! Denne rosa får mykje positiv omtale i fagmiljøa!

Engelske Austin-roser:

Abraham Darby (H5)


Denne rosa har store, fylte blomar i fargen aprikos. Blømer bra heile sesongen til endes. Merkbar duft. Høgd 150 cm.

Charles Austin (H4-5) kr. 150- 


Dette er ei Austin-rose som har store, fylte blomar i fargen orange/fersken. Svak duft.
Høgd 120 cm.

Graham Thomas (H4-5) kr. 150-


Denne Austin-rosa har store, fylte gule blomar. Remonterer bra, svak duft. Høgd 120 cm.

Winchester Cathedral (H5) kr. 150- 


Ei kvit Austin-rose, blømer med store, fylte kvite blomar frå juli til september. Dufter.
Den har eit friskt mørkegrønt bladverk. Høgd 90 cm.

 

For prisar på dei ulike varene, sjå den generelle prislista.