Vareutval: Lauvfellande

NO ER DET TID FOR Å TENKE PÅ HEKK!

Veltrimma bøkehekk

Går du å drøymer om ein veltrimma bøkehekk i grensa mot naboen?

Tidleg vår er rette tida for planting av lauvfellande hekk  levert som barrot. Dette er planter som er i kvile, dvs. dei er utan grøne blad. Barrotplanter vert hovudsakleg levert i april og fram til 17. mai.

Du må hugse på å måle nøyaktig opp, det vanlige er 3-4 planter p løpemeter. Hugs jamn jorddjupne i heile hekketraseen om du vil at hekken skal utvikle seg jamn og tett. Spa godt med kumkompost inn i hekketraseen og plant barrotsplantene 3-4 cm djupare enn overkant rot.

Prisdøme hekkplanter:

 

Bøkehekk, barrot (Fagus sylvatica)      60/80 cm kr. 40- p plante.

Bøkehekk barrot 80/100 cm kr. 50- p plante.

LIGUSTERHEKK/VINTERLIGUSTER.

Dette er ein tett, fin vintergrøne hekk som er særs godt eigna her hjå oss. Den kan miste noko bladverk i kalde vintrar, men det er ikkje det normale. Den er lett å formklippe, men ein liguster i god vekst treng klipp ein gong om våren og ein gong i juli. Den set pris på lett og veldrenert jord. Det vanlege er å plante 3-4 planter p meter. Du kan også plante dobbeltrad, såkalla engelsk forband, da dette gjev hurtig etablering av ein breid, tett hekk.

Prisdøme:

Liguster barro 60/80 cm kr. 45- p plante.

 

Valen gartneri kan også levere komplett planting av hekk i din hage.

Vi leverer dei vanlige sortane eigna for norske forhold. Merk at bøk. agnbøk, liguster og fleire andre hekktypar vert levert som barrot om våren. Etter 17. mai er det slutt på levering av barrotsplanter.

Ta kontakt med Valen gartneri for eit godt tilbod på hekk i din hage!

Hugs at ei verd av hekk er meir enn bare Thuja!

Ligusterhekk som treng ein liten sommarklipp.