Lei av plenklyping i bratte skråningar og tronge upraktiske plenar, tett ved bygg og trafikkøyar?

Valen gartneri har lang røynsle med produksjon og planting av den bunndekkande stauda rosestorknebb. (Geranium macrorrhizum) Denne stauda dekker godt, er delvis vintergrønn og held unna fleireårig ugras. Men skal plantedekke fungere optimalt, er det eit grav om at jorda er fri for fleireårig ugras før ein plantar. Rosestorknebb er like aktuelt for private hageeigarar som er lei plenslått i bratte skråningar, som for kommunar, burettslag og industrikundar som ønsker god driftsøkonomi på sine eigedommar og anlegg. Det kostar sjølvsagt noko ved etablering, men staudedekket krev minimalt med tanke på løpande skjøtsel.

Våre prisar for produktet og leveringsbetingelsar.

Vi har alltids ein del planter av rosestorknebb på lager hjå Valen gartneri.

Dei leveres i 10 cm potter/24 stk i kvar staudekasse. Ved kjøp av heile kassar og minimum 100 planter, er prisen kr. 28- p plante medrekna mva. Ved større prosjekter vert plantene leverte som pluggplanter. Tilrådd planteforbruk 16 planter p m2. Pris kr. 18- p plante.

Etableringskostnad medrekna planter, jordforbedring/klargjering og planting utført av Valen gartneri:

Alt etter jordsmonn, arealets utforming, tilkomst, så vil rettleiande pris for etablering av staudedekke ligge på kr. 500- p m2 ferdig planta medrekna mva.

Er det snakk om arealer over 25 m2, må vi ha bindande bestilling før 1. april, slik at plantene kan settes i produksjon. Ein må uansett rekne med 4-6 vekers produksjonstid. Vi leverer planter ut september.

Ta gjerne kontakt på tlf. 91531486 for tilbod.

(Biletet er lånt frå nettet)

Lei av plenklyping i bratte skråningar og tronge upraktiske plenar, tett ved bygg og trafikkøyar?