Mose eller ikkje mose i plenen, kvar sin smak.

Dette med mose i plenen er eit tilbakevendande spørsmål for gartnaren. Somme hagefolk avskyr mose i plenen, medan andre vil synast det er reint så romantisk å tasse berrføtt ut på ein doggvåt mosegrodd plen ein varm summarmorgon. Før var det å pøse på med kalk den velkjente resepten mot mose i plenen, gjerne ved å fylgja opp med det kjemiske jernfosfatet/mosefjernar i etterkant. På generlt basis vil eg seia at ein ikkje bør kalka utan at jordanalysen syner at jorda er sur og at PH-verdien må hevast. Ligg den på 6.5 til 7 så er det ein god PH-balanse for grasplenen. Du kan gjerne vedlikehaldskalka i små mengder kvar vår, då med ei mengde på 6-8 kg på 100 m2. Bruk granulert hagekalk med magnesium.

Luft gjerne plenen din og gå laus på mosen med dødsforakt og ei kraftig jarnrive! Riv vekk mosen i store flak der den sit laust. Dei svarte flekkene som då kjem til syne, dei fyller du med sandblanda kompost som du klorer ned i grastorva med jarnriva, før du avsluttar med å så i plenfrø. Ventar du så eit par veker og tilfører heile plenen ca. 4 kg plengjødsel eller 8 kg fullgjødsel 8-4-12 p 100 m2, vil du oppleva ein irrgrønn plen heile sommaren, samstundes som du får god trim med all slåinga, om du då ikkje har robotklippar!

Mose eller ikkje mose i plenen, kvar sin smak.